

Rune Bjerga er eit kjent og kjært namn på humor- og underhaldningsscena i heile Noreg. Med over 20 år som standup-komikar, TV-profil og innhaldsskapar, er det ei sann glede at han igjen tar turen til Etne og Skakke med det nye humorshowet sitt: Rune Bjerga – har sjukt myk på hjertet …
Her kan du oppleva ein svært populær komikar som er kjappare (og kanskje litt frekkare) i replikkane enn nokon gong. Bjerga treffer alle aldrar og alle slags menneske med den morosame observasjonshumoren sin, og han involverer gjerne publikum – noko som har blitt varemerket hans. Her vil du garantert kjenna deg igjen. Eit skråsikkert val.
Kategori: Standup